Korleis lære hunden å gå fint i band
Målet med denne øvelsen er at hunden skal gå ved siden av oss med eit slakt band uten å dra.
Det blir ikkje forventa at hunden skal "gå fot eller på plass".
Først og fremst må ein tenke på å ha eit langt nok band. Blir hunden ført i eit for kort band, så er det ikkje rart at bandet blir stramt berre han går 2 skritt framover. Det er derfor anbefalt å bruke eit band som er 3m langt, for med denne lengda kan hunden bevege seg framover, bakover og til sidene (f.eks. for å snuse litt) uten å stramme bandet med ein gong.
Bandet bør være lett og uten unødvendige jernringar. Pass også på at karabinkroken ikkje er for stor og tung i forhold til størrelsen på hunden.
Dei såkalla flexi banda er ikkje å anbefale fordi dei føre til at hunden lærer å dra i bandet. Hunden lærer nemleg at han får meir å gå på når han drar forover fordi bandet rullar seg ut.
Han lærer " Jo meir eg dreg, desto meir lengde får eg". Her er det då reint umulig å lære hunden at å dra i bandet er ikkje bra.
Til oppbygging av denne øvelsen velg ein ut ei stor og fri flate der ein bevegar seg i forskjellige figurar med hunden i band, f.eks sirkel, trekant, firkant, åttetal osv. Kvar gong hundeføraren skiftar retning, blir det signalisert ved " her går vi vidare"og ein handbevegelse som visar hunden retninga. Følger hunden uten å dra i bandet blir han underveis riktig rosa.
Strakst han drar i bandet, blir ein ståande kommentarlaust. Det betyr at ein står roleg i ro utan å gje kommandoar, rykke i bandet eller andre ting. Etter kort tid vil hunden snu seg for å sjå og spørre "ka som sjer", " korfor går vi ikkje vidare", " korfor seier du ingenting".
I det momentet der hunden snur seg til hundeføraren, går pga kroppsbevegelsen automatisk trykket fra bandet. Og i akkurat dette augeblikket blir han rosa og over "her går vi vidare" og handbevegelse ført i den motsatte retninga av der han ville gå. Det skjer her to ting samtidig.
Tilbake

- Hunden blir rosa når han tar bort trykket fra bandet ( også når dette vart gjort ubevisst).
- Han lærer at han ikkje når fram til der han vil når han drar, men at det heller går i den motsette retninga.
- Hunden bør ha "rast ifra seg" før ein begynn med øvelsen.
- Ein bør i begynnelsen ha nerver av stål og ingen mål for auge, ellers blir ein fort irritert og sint når ein stadig må snu.
- Alltid når hunden går med slakt band blir han rosa.
- Skal hunden forstå at det å dra i bandet er uønska, får naturlig nok hundeføraren heller ikkje lov til å dra i bandet!!!!
Tilbake