Tips til å bli Stueren

Å være stueren er ikkje medfødt. Tenk over at du har henta ein baby inn i huset, som ikkje er tørr enda.

  • Bær alltid kvalpen ut etter at den har sove, ete, leika og etter lengre bilturar. Plassen han skal gjere ifrå seg på bør være rolig og ha et mjukt underlag som gras/plen. Bli ved kvalpen, og ros den med ei vennlig stemme etter at den har fullført "oppgåva" si. Ros ikkje kvalpen medan den utfører oppgava si, for då kan det hende at han avbryt den, fordi han blir forstyrra av deg.
  • Unngå å bruke straff på noke som helst måte. Nakkeristing, stikke nasa til hunden i urinen/ avføringa og andre drastiske tiltak som blei brukt tidligare er ikkje særleg klokt, og blir heller ikkje forstått av kvalpen. Gjennom sånne tiltak lærer ikkje kvalpen å bli stuerein, men heller å bli redd for deg. Faktisk kan det også føre til skade på luktesansen hans.
  • Observer kvalpen nøye. Blir han urolig eller snur seg i ring, så ta han ut. Gir han tegn til at han vil ut med å klynke/syte eller å skrape på ytterdøra, så ros han og slipp han øyeblikkelig ut.
  • Når kvalpen skal til å gjere ifrå seg inne er eit rolig men bestemt "nei" nok, og så fører du kvalpen øyeblikkelig ut. Gjer han ifrå seg der, blir kvalpen rolig og vennlig tilsnakka. Det er viktig å ikkje skrike til kvalpen når han blir tatt på fersk gjerning. Han kan bli så redd at han lar det riktig renne.
  • Ignorer små og store "uhell" som har skjedd når du ikkje var til stede og fjern dei uten ein kommentar. Sei ingenting, ikkje sjå ergerlig ut,vær heilt nøytral.
  • Ikkje bruk reingjeringsmiddel med eddikessens på plassane der kvalpen har gjort ifrå seg. Eddiklukta påvirker kvalpen til å tisse der igjen.

    Assi

  • Ein kvalp må til å begynne med også ut om natta. Ein god ide er å sette korga/kassa som han ligg i ved sida av senga, for å få med seg dei første teikna til uro. Søv ein veldig djupt er det lurt å stille vekkarklokka eit par gongar om natta. Ein bør iallefall ikkje sperre kvalpen inne i eit hundebur/boks over natta og når ein er borte. Det fører til at kvalpen blir trengde og stressa fordi han ikkje vil ureine "nestet" sitt.
  • Mange hundebøker anbefaler å bruke avispapir der hunden kan gjere i frå seg. Så blir avispapiret stadig mindre og mindre til det forsvinn heilt. Men kvifor gjere det så komplisert, når det finst enklare metodar. I tillegg er det også ein fare for feil forbindelsar - kvalpen lærer å gjere ifrå seg inne og ikkje på andre underlag som ein plen og ute der han egentlig skal gjere ifrå seg.
  • Ein kvalp treng tid til å forstå kva som blir forlanga frå han. I tillegg må han slik som ein baby trene lukkemuskelen sin før han kan kontrollere den. Opplæring til å bli stueren kan ta dager til fleire veker. Det er forskjellig frå hund til hund.
  • I nokre bøker blir det anbefalt å tilføye kommando ord når ein hund skal gjere ifrå seg. Dette har ikkje noke sinn og meining og kan fort bli farlig. Virker det og er hunden lydig, vil han måtte holde seg heilt til han får kommandoen av deg. Ein så kontrollerande atferd er moralsk tvilsomt og kan særlig hos kvalpar og eldre hundar utløyse enormt stress og være helseskadelig. Ein hund bør kunne gjere ifrå seg når han treng det, akkurat som du og eg.
  • Ikkje mate kvalpen/hunden for seint på kvelden. Ofte kan han då ikkje holde ut heile natta.
Dagar og netter med tolmodighet og ros vil gje resultater. Viktig grunnregel: åtferd blir forsterka gjennom ros og belønning. Ros altså kvalpen når han gjer ifrå seg på den riktige plassen. Skulle ein tross alt ikkje få til den ønska framgangen, tenk også over at grunnen kan være ein sjukdom f.eks en blæreinfeksjon. For å være på den sikre sida er det då best å spørre dyrlegen.

Lykke til



TilbakeHundens Feriesenter